Kurs i sanseintegrasjon.
Av Monica Busengdal Artikkel bragt i RiTø informerer april 2000.
Ergoterapeutar fra heile landet var samla til kurs på Åsgård 28.- 30. mars. Birgitte Christensen, instruktions-ergoterapeutved Ergoterapeutskolen Næstved i Danmark var invitert av Ritø til a halde kurset. Temaet var sanseintegrasion for voksne, og det skulle gi deltakarane hjelp fil a forstå korleis hjerna kan trenast opp att efter ein større skade. Sanseintegrasjon er eit behandlingskonsept som er utvikla av den
amerikanske ergoterapeuten Jean Ayres. Sanseintegrasion er at sansane svært spesifikt vert stimulert fil a samarbeide på ein måte som gier at hjerna får hjelp fil 0 konsentrere seg og sortere stimuli. Dei "svoltne"sansane skal stimulerast, og dei overreagerande skal hemmast. Det er snakk om a gi kontrollerte input og analyseresituasionen.-Det er viktig å ha presis viten om kva ein kan gjereved hjerneskadar. Rett form for stimulering kan gi svært gode resultat, og i motsett fall kan for mykje eller feil stimulering føre til ei farverring av situasionen, seier Christensen. På kurset tak ho mellorn anna føre seg teknikkar for behandling av bevisstlause personar. Der viste ho kva for stillingar som er best for pasienten, slik at han unngår liggesår og muskelspenningar. Ho snakka også om kva for stimuli ein kan bruke for å freiste å få ein pasient ut av koma. lukt, rørsle, berøring og musikk var viktige element i Christensen sitt foredrag. Ho la vekt på at det er viktig å freiste å forstå angsten til pasienten under oppvakninga. Pasienten har under oppvakninga ofte ei kjensle av avmakt. Korleis han reagerer er forskjellig frå pasie nt til pasient, men terapeuten må ha empati og freiste å observere og forstå den enkelte.
Hjelp til å sanse eigen kropp
Christensen la vekt på at dersom pasienten berre får høve til å utvikle dei primære rørslene, så vil spastiske stillingar etterkvart verte utvikla etter kva for musklar som er sterkast. Ein pasient har kanskje ikkje så mange moglegheiter til å variere stillingarfordi kroppen og hjerna er skadd. A sete i ein stol kan vere så vanskeleg at kroppen reagerer. Det vert ein kraftanstrengelse å freiste å halde seg oppe. Dei musklane som er sterkast vil vere i fullt spenn, og pasienten stivnar i unaturlege stillingar. Hendene kan stivne slik at dei vert vanskelege å bruke i daglege gjeremål, som å pusse tennene eller smørie seg med hudkrem. Terapeuten må då, ved å ta tak med sine eigne hender, freiste å hjelpe pasienten til å utføre desse naturlege rørslene, for å bryte det spastiske mønsteret. Terapeuten må freiste å få pasienten til å starte i rett utgangsposision. Dette kan han gjereved gientatt å føre kroppen i naturlege stillingar. Terapeuten må gi pasienten hjelp til å sanse sin eigen kropp, og dermed gi pasienten svar på spørsmål om kven og kvar han er. Han må for eksempel bli bevisst på golvet, stolen han sit i, korleis kleda kjennest ut og kvar kanten på skoa er. Han må få eit forhold til rommet. Ein må ned på dei grunnleggjande sansane. Det ein har lært som barn, årsak og verknad. Terapeuten må plassere beina til pasienten på golvet, ikkje i beinstøttene på rullestolen.

Terapeuten må gi pasienten hjelp til å sanse sin eigen kropp, og dermed gi posienten svar på spørsmål om kven og kvar han er, seier Birgitte Christensen.